Kontakt oss på post@skatoykafe.no

26. juli 2026
Symre
GRATISKONSERT med Symre 26 juli.
SYMRE er ein låtskrivar og gitarist frå Morgedal. Tekstane er på dialekt, og får ofte tilbakemeldinga «finurleg», med humor som eit viktig verkemiddel. Musikken er leiken, og hentar element frå jazz, folk, pop og rock. SYMRE brenn for engasjerande formidling, og er kjend for god kontakt med publikum. Felles telemarkingar Jon Espelid (trommer), Torjus Gravir Klykken (bass) og Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon) medverkar på den komande plata, og naturlegvis også på konsert!
UTMERKINGAR OG STIPEND NOPA-stipendet - 2025, Sør Musikkpris - 2025, Kviteseid Kommunes Målpris - 2024, Bjørn Thores Minnefond - 2022, Kviteseid Kommunes Kulturstipend - 2019, Draumestipendet - 2016
«Symre kombinerer originalitet og humor, og juryen berømmer henne for hennes modige og utfordrende uttrykk»-Sør Musikkpris
OPPVARMING FOR: 2025 Black Debbath - Rockefeller og RiP - 2024 Frida Ånnevik - Telemarkfestivalen 2022 Thomas Dybdahl og De Derre- Skien Live 2020 Kristian Kristensen - Parkbiografen i Skien 2019 KURS OG INSTRUKSJON
«Vi hadde SYMRE som support på RiP i Porsgrunn forrige helg og ble så slått i bakken og sjarmert at vi sporenstreks inviterte henne til å bli med som ekstra oppvarming på konserten vår på Rockefeller 8. november.»-Black Debbath.
Fotografier: Ole Børset og Rasmus Vik Lagerberg
Project Gallery









